Artikler

Les mer om våre ansatte, forretningsområder, samarbeidspartnere og bedriftsnyheter.
Pil Se alle artikler

Frydenbø utvidar samarbeidet med Sogndal!

Lagbilde Sogndal Herrer 2022

Frydenbø har sidan 2015 vore sponsor for superlaget i Sogndal. No har nyetablerte Sogndal Fotballklubb Damer kome inn under same tak, og vi har signert sponsoravtale med både kvinnene og herrane!

Hovudbilete: Lagbilde A-laget Sogndal Fotball 2022. Foto: Sogndal Fotball

Bidragsytar til Frydenbøs fotfeste i regionen

Frydenbø Bil har tre bilsenter i tidlegare Sogn og Fjordane fylke (no ein del av Vestland); Førde, Sandane og Sogndal. Samla sysselset Frydenbø omtrent 70 dyktige medarbeidarar i regionen. Og med oppkjøpet av Berge & Co blir vi endå fleire tilsette.

- Vi nyttar sponsorsamarbeid aktivt for å bygge merkevara Frydenbø i regionane vi er lokalisert, og samarbeidet med Sogndal Fotball har bidratt positivt til å gjere bilsentera våre meir kjent - ikkje berre for kundane våre. Samarbeida er minst like viktige i frontinga av Frydenbø som arbeidsgivar. Vi ser at det å arbeide for eit selskap som er støttespelar i lokalsamfunna vi er etablert i, betyr meir og meir i kampen om morgondagens medarbeidarar, seier Silje Ulla-Zahl, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Frydenbø Group.

Frydenbø brukar også kamparrangementa for sosiale interne aktivitetar.

Står sterkare saman

Sogndal ønsker å være ein plass der ungdom kan få likt tilbod innan fotballen, uansett om ein er gut eller jente. Difor var det heilt naturleg for Sogndal Fotball å ta med damelaget ut i forhandlingar med ulike samarbeidspartnerar for å få litt «drahjelp» i starten.

- Frå Sogndal Fotball si side er det veldig kjekt at vi no har fått til eit samarbeid med damelaget. At vi kan utvikle oss under same tak og stadion er bra - på den måten står vi mykje sterkare og vi kan lære av kvarandre på vegen vidare. Det å vise lokalsamfunnet og regionen at vi heiar på kvarandre er viktig og vil gje gode synergiar også nasjonalt, seier Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal Fotball.

 

Les også: Superlaget fra Sogndal 

 

Nyetablert damelag 

Etableringa av Sogndal FK Damer er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom Kaupanger IL og Sogndal IL Fotball. Laget vart formelt etablert på skipingsmøte 8.september 2021, og klubben overtok frå 01.01.2022 plassen til KIL i 2.divisjon damer.

Hovudmålet for Sogndal FK Damer er i første omgang å etablere ein best mogleg utviklingsarena for damer og jenter som ønsker å satse på fotball.

- Dette realiserast med gode samarbeidspartnarar, som Frydenbø, samt i stor grad ved å få Fosshaugane Campus som kamp- og treningsarena der dei fleste jentene har sin skulekvardag - enten på høgskulen eller på vidaregåande, seier Sebastian Kaldestad, dagleg/sportsleg leiar Sogndal FK Damer.

- Interessa rundt damefotballen har økt dei siste åra, og spesielt kjekt er det derfor at vi også blir storpartnar for Sogndal FK Damer. Dette er ei viktig satsing i fotballbygda Sogndal, og for kvinnefotballen nasjonalt - vi er glade for at vi er med heilt frå start! Vi gledar oss til å følge utviklinga til Sogndal FK Damer i 2.divisjon, og er stolte over å få være ein del av en slik satsing, tilføyer Ulla-Zahl.

FrydenboLogo

Bilete: Terje Teigen - marknadssjef i Sogndal Fotball og Sebastian Kaldestad – dagleg-/sportsleg leiar Sogndal FK Damer. Foto: Sogndal Fotball

Historias tøffaste OBOS-liga

Damefotballen, Sogndal Fotball og ikkje minst Fosshaugane Campus med moglegheitene som ligg der, blir meir synlege gjennom samarbeidet. Det er ein vinn-vinn situasjon når man saman kan spele kvarandre gode i møte med media, på SoMe, i næringslivet og i andre formelle og uformelle settingar.

- Vi har stor tru på at vi gjennom dette samarbeidet kan løfte kvarandre, samtidig som at vi bidrar til positiv samfunnsutvikling i Sogndal og i området rundt oss, fortset Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal Fotball.

- Sogndal Fotball som A-lag er kome i kanskje historias tøffaste Obos-liga. Men med nytt trenarteam og med Frydenbø på laget videre, gjer vi alt vi kan for å henge med i toppen. Målet er også å rykke opp til Eliteserien når vi føler oss klare for det, avsluttar Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal Fotball.

- Det er utruleg kjekt å følgje utviklinga i Sogndal! Vi har hatt eit positivt samarbeid i fleire år og vi ser fram til å utvikle det vidare, seier konsernsjef i Frydenbø Group, Knut Herman Gjøvaag.

Bilde frå signering kontrakt

Bilete frå kontraktssigneringa tidlegare i år. F.V: Silje Ulla-Zahl, Håvard Flo, Terje Teigen, Knut Herman Gjøvaag.

 

Stao no pao! 

profil

Ola Nordmann

Tittel

Frydenbø AS

eksempel@epost.no